Kursprogram

Kursprogrammet er delt opp i tre ulike bolkar, to på laurdag og ein på sundag. Kursa varar i omlag 3 timar. Tanken er at ein skal kunne prøve seg på litt på mykje. I løpet av helga kan ein ha fått prøvd seg på både folkedans, teater og korsong om ein ønskjer det.

1 kurs: kr. 250,-/350,- 2 kurs: kr. 450,-/550,- 3 kurs: kr. 500,-/600,-
*Nedsett pris er for studentar og medlemmar av Noregs Ungdomslag eller Noregs Mållag

Om du er interessert i barnekursa som går om sundagen kan du lese meir om dei her.

I fanene under kan du lese litt meir om kvart einskild kurs.

Kursbolk 1

Laurdag 17. oktober kl. 10.00-13.00

Vegar VårdalDansekurs med Vegar Vårdal

Vegar er ein allsidig artist og pedagog, med god fagleg bakgrunn frå m.a. Noregs Musikkhøgskule og NTNU i Trondheim. Han arbeider både som dansar og musikarar, med fele og hardingfele som hovudinstrument.

På kurset vil Vegar ta utfordre både nye og røynde til å utvikle seg sjølv som dansarar.

Nivå: Alle
Stad: Fensal, storsalen

Kor e' tonen

Prøv deg på korsong

Har du alltid hatt lyst til å synge i kor, men aldri hatt mote til å melde deg inn i eit? No har du sjangsen til å berre vere med litt grann for å sjå koss deg verkeleg er!

Inger-Lisa Møen underviser til daglig i musikkpedagogikk ved barnehagelærerutdanningen på NLA Høgskolen. Hun har tidligere dirigert Bergen Vocalis, damekoret Kor Henne, og flere andre kor. I høst vikarierer hun som dirigent for Kor e» Tonen.

Timeplanen for korkurset er som følgjande: 

  • 10.00-13.00: Kursstart
  • 13.00-14.00: Lunsjpause
  • 14.00-16.00: Framhald av kurs

Nivå: Alle
Stad: Gimle, 4. høgda

NB! Kurset held fram etter lønsj!

Korkurset er diverre avlyst.

vatle300x345Sjanti med Haakon Vatle

I ein og ein halv time får du lære sjantisongar av sjølvaste Haakon Vatle, kjend frå makalause Storm Weather Shanti Choir. I tillegg til å lære energiske arbeidsviser og rolege viser om piker og vin vil du få lære om historia til sjantien.

Dei to sjantikursa er like

Nivå: Alle
Stad: Fensal, Haandverkersalen

NB! Kurset går frå 11.00 til 12.30!

John_Ole_MorkenHardingfele: Ukjende slåttar frå Hardanger

John Ole kjem frå Ålen i Sør-Trøndelag, men er no busett i Åmot i Modum kommune. Han har musikkutdanning frå NTNU i Trondheim og Ole Bull-akademiet på Voss, og spelar både hardingfele og vanleg fele. Han har mykje pedagogisk erfaring, og jobbar som kulturskulelærar i Sigdal attmed å jobbe som frilansmusikar.

På dette kurset vert det fokus på spel på hardingfele og ein får høve til å lære ukjende slåttar frå Hardanger.

Nivå: Må kunne spele hardingfele frå før av
Stad: Gimle, 2. høgda

Veslemoy_2_bigImpro for nye

Usikker på kva impro er for noko? Impro er for alle, så er det sagt. Eller improvisert teater om ein skal vere slik heilt korrekte. Definitivt verdt å prøve seg på anten du ynskjer å utvide ditt skodespelarrepertoar, eller berre ynskjer litt hjernetrim og å utfordre dine kreative sider. I impro fins det ingen manus, ingen dialog å hugse, og feil er bra! Stor moro for alle aldrar og nivå. Nyttig anten du driv med «vanleg» teater, stand-up eller berre likar å ha det kjekt. Når du først er i gong, kan du jo slenge deg på dei to andre improkursa også: Teatersport og Impro for scene.

Veslemøy Mørkrid skal vere instruktør på kurset. Ho er ein av Noregs beste improvisatørar og arbeider som fast skodespelar i Det Andre Teatret. Ho er òg kjend frå Jakten på Berlusconi og Løvebakken.

Nivå: Alle
Stad: Fensal, småsalen

Teaterkursa er diverre avlyst.

Kursbolk 2

Laurdag 17. oktober kl. 14.00-17.00

Vegar VårdalDansekurs med Vegar Vårdal

Vegar er ein allsidig artist og pedagog, med god fagleg bakgrunn frå m.a. Noregs Musikkhøgskule og NTNU i Trondheim. Han arbeider både som dansar og musikarar, med fele og hardingfele som hovudinstrument.

På kurset vil Vegar ta utfordre både nye og røynde til å utvikle seg sjølv som dansarar.

Nivå: Alle
Stad: Fensal, storsalen

Kor e' tonen

Prøv deg på korsong

Har du alltid hatt lyst til å synge i kor, men aldri hatt mote til å melde deg inn i eit? No har du sjangsen til å berre vere med litt grann for å sjå koss deg verkeleg er!

Inger-Lisa Møen underviser til daglig i musikkpedagogikk ved barnehagelærerutdanningen på NLA Høgskolen. Hun har tidligere dirigert Bergen Vocalis, damekoret Kor Henne, og flere andre kor. I høst vikarierer hun som dirigent for Kor e» Tonen.

Timeplanen for korkurset er som følgjande: 

  • 10.00-13.00: Kursstart
  • 13.00-14.00: Lunsjpause
  • 14.00-16.00: Framhald av kurs

Nivå: Alle
Stad: Gimle, 4. høgda

NB! Dette kurset er eit framhald av kurset som byrja før lønsj!

Korkurset er diverre avlyst.

vatle300x345Sjanti med Haakon Vatle

I ein og ein halv time får du lære sjantisongar av sjølvaste Haakon Vatle, kjend frå makalause Storm Weather Shanti Choir. I tillegg til å lære energiske arbeidsviser og rolege viser om piker og vin vil du få lære om historia til sjantien.

Dei to sjantikursa er like

Nivå: Alle
Stad: Fensal, Haandverkersalen

NB! Kurset går frå 14.00 til 15.30!

John_Ole_MorkenFlatfele: Pols frå Røros-traktene

John Ole kjem frå Ålen i Sør-Trøndelag, men er no busett i Åmot i Modum kommune. Han har musikkutdanning frå NTNU i Trondheim og Ole Bull-akademiet på Voss, og spelar både hardingfele og vanleg fele. Han har mykje pedagogisk erfaring, og jobbar som kulturskulelærar i Sigdal attmed å jobbe som frilansmusikar.

På dette kurset vert det fokus på pols frå Rørosområdet og spel på flatfele.

Nivå: Må kunne spele på fele frå før
Stad: Gimle, 2. høgda

Veslemoy_2_bigImpro for scene

Mange tenkjer på Impro som berre teatersport, eller oppvarming; noko som ikkje kan vere på scena som eiga framsyning. På dette kurset lærer de korleis impro kan fungere som sjølvstendig sceneshow. Kursinstruktør Veslemøy Mørkrid, er ein av Noregs beste improvisatørar, og har lang fartstid frå mellom anna Det Andre Teatret, Noregs fyrste og einaste improteater. Dei har smekkfulle hus frå onsdag til sundag, og syner varierte framsyningar med impro som utgangspunkt. Det er alt frå tradisjonell teatersport til improviserte musikalar, krimforteljingar, og dramatiske tekstar. 

Nivå: Alle
Stad: Fensal, småsalen

Teaterkursa er diverre avlyst.

Kursbolk 3

Sundag 18. oktober kl. 11.00-14.00

Vegar Vårdal

Dansekurs med Vegar Vårdal

Vegar er ein allsidig artist og pedagog, med god fagleg bakgrunn frå m.a. Noregs Musikkhøgskule og NTNU i Trondheim. Han arbeider både som dansar og musikarar, med fele og hardingfele som hovudinstrument.

På kurset vil Vegar ta utfordre både nye og røynde til å utvikle seg sjølv som dansarar.

Nivå: Alle Stad: Fensal, storsalen

NB! Dette kurset går frå kl. 10.00-13.00!

judith-vestrheim-firkantKvedarkurs

Judith Vestreim er godt kjend hjå både unge og eldre i folkemusikkmiljøet i Indre Sogn. Denne sundagen kjem ho til Bergen for å lære oss å lage ekstra mykje ljom med vår eiga røyst.

Nivå: Alle
Stad: Fensal, Haandverkersalen

Spelkurs: Repitisjon

John_Ole_Morken

John Ole kjem frå Ålen i Sør-Trøndelag, men er no busett i Åmot i Modum kommune. Han har musikkutdanning frå NTNU i Trondheim og Ole Bull-akademiet på Voss, og spelar både hardingfele og vanleg fele. Han har mykje pedagogisk erfaring, og jobbar som kulturskulelærar i Sigdal attmed å jobbe som frilansmusikar.

På dette kurset vert det repitisjon av dei to kursa som gjekk om laurdagen.

Nivå: Må kunne spele hardingfele/fele frå før av
Stad: Gimle, 2. høgda

Veslemoy_2_big

Teatersport

På dette kurset får du ein intro til teatersport, både konseptet og korleis det fungerar i praksis.

Teatersport er ein variant av impro, på same vis som samtidsdrama er ein variant av dramateater. Utvikla av Keith Johnstone, går teatersport ut på å konkurrere om å lage dei beste scenene innafor ulike tema og ved å nytte seg av ulike «games», eller improleikar om du vil. Supert å kombinere med både «Impro for nye» og «impro for scene».